Dette er signaturen til Torger Iverstugun. Han var ein av dei mest særmerkte personane Skåbu-bygda har fostra. Derfor har han fått si eiga side her hos Mukampen spel- og dansarlag.
Her er noko av det som står om han i boka som er nemnt nedanfor: «Ekko frå fjellet»
Torger Iverstugun var ein skapande og allsidig kunstnar som voks ut frå små kår i Skåbubaklia. Han arbeidde seg fram til å bli ein original tonekunstnar og innsamlar av folketonar, og ga også ut eit hefte med eigne dikt og tekster, «Ekko frå fjellet». I tillegg var han eit aktivt og engasjert samfunnsmenneske. Torger var i det heile ein intelligent og slagferdig kar.
Torger Iverstugun hadde eit innhaldsrikt liv – eit liv som han fylte med mange oppgåver. Han fekk med åra eit vidt kontaktnett både lokalt og vidare utover. Han var tiltaksrik og brydde seg mindre om kva andre måtte meine om han, og korleis han levde og bar seg åt i ulike samanhengar. I samtid og i ettertid synes det klart at kjerringa hans, Marit, var ein krumtapp i familien, men ho gjekk bort så altfor tidleg i 1947.
Det seier seg sjølv at det er bortimot uråd å setja opp eit detaljert oversyn over livsgjerninga hans. Dette oversynet syner likevel sentrale sider ved det breie engasjementet han hadde på ulike område, ikkje minst i arbeidet for å betre livskåra for folket i Skåbubaklia. Vel 50 år etter at han gjekk bort forstår vi at han har vore underkommunisert i stor grad. Og vi gløymer fort ……
Nokre viktige hendingar i livet til Torger
- 1880:Født på bruket Iverstugu i Skåbubaklia
- 1887: Fekk fyrste fela si som gåve
- 1895: Starta i lære hos Hans Myhre i Fåvang
- 1903: Reiste til Amerika
- 1907: Kom heim til Skåbu
- 1939: Gav ut «Ekko frå fjellet», eigne dikt og tekster
- 1943 – 49: Samla folkemusikk, fekk statsstipend
- 1945: Norsk Musikforlag ga ut «Hilsen fra Skaabu»
- 1947: Kona Marit døydde
- 1948: Spelar i NRK
- 1964: Fekk Kongens fortenstmedalje i sølv
- 1970 – 72: Peer Gynt-stemnet ga ut to hefter med noter
- 1974: Torger døyr, og blir gravlagd ved Skåbu kyrkje
Minnelunden ved Skåbu kyrkje
Skåbu bygdautvalg engasjerte Ole Christian Risdal for å få til denne minnelunden. Det synte seg å bli ein stor dugnad og ein omfattande arbeidsinnsats. Pengegåver, avståing av grunn, stein til relieffet og jamn oppfølging måtte til. Kunstnaren som utforma relieffet var Marianne Sejerstad Bødtker. Minnelunden vart opna 6. september 2008
Torger Iverstuguns Efterfølgere
I samband med jubiléet i 2024 – 50 år etter Torgers bortgang – og utgjeving av boka om han i 2025, har nokre utøvarar frå Mukampen gått saman om å danne gruppa «Torger Iverstuguns Efterfølgere». Dei tek for seg både kjente og helst ukjente komposisjoner av Torger, og vil etter kvart gjennom ulike opplegg presentere dette for publikum.
Her er dei frå venstre: Ola Nesset, Rikard Odnes, Sjur Sande, Roger Slåstugun., Jon Sverre Sætrom Thoresen, Kjartan Haugen Foss. Dei deltok med godt resultat på Landsfestivalen på Oppdal i 2025
Rasmus Stauri:
Torger Iverstugun (1880-1974) frå Skåbu fekk eit langt liv, og han fylte det godt. Han gjorde rundt 120 komposisjonar og skreiv ned rundt 350 slåttar etter spelemenn i dølabygdene. Vi tør meine at han idealiserte seg fram til eit livsresultat. Nå blir dette livet dokumentert i bokform under tittelen «Ekko frå fjellet» – ein tittel henta frå tekstsamlinga han gav ut. Vi er fire i Mukampen spelmannslag som står bak dette arbeidet, Mari Eggen, Sjur Sande, Roger Slåstuen, Rasmus Stauri, den sistnemnde som redaktør. Aaslaug Eggens velskrivne prolog til 100-årsjubiléet i 1980 opnar boka, som er gjennomillustrert med sjeldne foto. Her er tekster av Mari Eggen, Ole Christian Risdal, Ola Rønningen, Reidar Skjelkvåle i tillegg til bidrag frå redaksjonen. Torill Aasegg har skrive ned 46 komposisjonar som følgjer utgivinga. Utgivar er Mukampen spel- og dansarlag. «Ekko frå fjellet» vart lansert på Skåbu fjellhotell fredag 14.mars 2025 med ein konsert attåt.
Du kan kjøpe boka hos
Norli bokhandel, Vinstra
eller bestille på nettet her
Roger Slåstuen om Torger Iverstugun
Program om Torger frå TVØst ved
Kari Bay Haugen