Velkomen til heimesidene våre!

Mukampen er eit ruvande og majestetisk fjell mellom Skåbu og Heidal, godt synleg frå båe bygder. Dette fjellet blir og kalla Heidalsmuen, og ligg i Sel kommune. Spelmannslaget vårt har fått same namn, av di det er medlemar frå både Skåbu og Heidal med i laget vårt. 

Spelmannslaga frå desse bygdene slo seg saman i 2007/2008.

Under namnet Mukampen har laget eksistert sidan da, og dette samarbeidet vart formalisert i 2015 under namnet Mukampen spel- og dansarlag. Vi har gjennom desse åra fått opparbeidd ei solid og stabil stamme med musikarar. Mange har vore med gjennom lang tid, medan andre har kome til nyleg. Det er sjølsagt flest i laget som spelar fele, men vi har også gjerne med to eller tre trekkspelarar og bass og gitar som komp. 

Utøvarane våre må kunne seiast å halda eit høgt nivå innan den stilarten vi stort sett konsentrerer oss om. Dette viser seg i dei mange prisane og gode omtalane vi har fått i ulike samanhenger, frå lands-kappleikar eller lands- og gamaldansfestivalar til kyrkjekonsertar og andre arrangement. 

Vi har fast øvingskveld kvar onsdag på Barhaug skule på Vinstra, og har ferie om sommaren om det ikkje ligg spesielle oppdrag og ventar framfor oss. Men vi kan og ha ekstra samlingar i tillegg til dei faste kveldane, for å førebu oss til meir prestisjefylte oppdrag som måtte vera i kjømda. 

Elles prøver vi med jamne mellomrom å starte kurs med opplæring av nye rekruttar; eit lag som vårt er til alle tider avhengig av at nye medlemar kjem inn og tek sin plass.

Når det passar deltek vi på kappleikar, festivalar og andre arrangement. Alle lag må ha noko som inspirerer til øving, og det er alltid morosamt og lærerikt å jamføre seg med og treffe andre på ein  slik måte. 

Sosialt har vi det svært triveleg i lag, alle kjenner alle, og vi har det omtrent som ein stor famile. 
Her er nokre bilde frå ulike tider som viser ein del av aktiviteten i laget vårt.

Klikk for større format.

Tre av dei viktigaste drivkreftene i miljøet vårt gjennom tidene

Viktige kjelder for folkemusikken i midtdalen

Mukampen let seg naturleg nok inspirere av spelmannshistoria i distriktet vårt. Denne går fleire hundreår attende, og det har vore talrike spelemenn som har gått framfor oss. Desse har blant anna samla inn og skrivi ned gamal folkemusikk, komponert nye leikar og melodiar og spela til dans. Dei har i det heile vore tradisjonsberarar for kulturarven frå tidlegare generasjonar, som vi i vår tid prøver å å lyfte fram og føre vidare til komande slekter.

Her er nokre frå vårt distrikt.

Ola Rønningen
(1899‑1997) Ringebu

Jehans Slåstugun
(1839‑?) Skåbu

Jon Stulen
(1869‑1927) Ringebu

Hans Myhre
(1951‑2011) Fåvang

Pål Kluften
(1888‑1942) Ringebu

Redvald Fjellhammer
(1916‑1990) Sør-Fron

Hjalmar Fjellhammer
(1922‑2005) Sør‑Fron

Anton J. Berge
(1890‑1961) Nord‑Fron

Ola Bråtå
(1844-1923) Heidal

Mathias Vang
(1881‑1965) Heidal

Peder Skavrusten
(1904‑1993) Heidal

Bjørner Holshagen
(1924‑2004) Heidal

Sjølsagt famnar vi vidare utover reint geografisk. Om vi finn stoff frå andre bygder som vi liker og som eignar seg for besetninga og spelestilen vår, tek vi det gjerne inn i repertoaret vårt. Til dømes har nord-Gudbrandsdalen – og spesielt Ottadalen – ein svært rik spelmannskultur som vi òg hentar ein god del av musikken vår frå. 

I Gudbrandsdalen finst det heldigvis etter kvart fleire offentlege arkiv, der vi kan finne noter og anna som vi kan ta i bruk og lære av. Desse arkiva blir stadig utvida og er ein uvurderleg skatt, både i høve til musikkarven vår og for kunnskap om dei tilhøva som prega kvardagen til menneskje i tidlegare tider.

Vinsterfossen
Gudbrandsdal
dikt og tone av Torger Iverstugun
Skroll til toppen